Referat frå styremøte 24. juni

Referat frå styremøte i Storhaug Arbeiderlag 24.05.2023

Disse møtte: Are Hauge Braaten, Vera-Brit Sommer, Ivar Øyumshagen

Regulering Hjelmelandsgata:

Storhaug Arbeiderlag er positive til tiltak for å trygge syklande og gåande på Storhaug. Det er beklageleg at bebuarar mister parkeringsplassar langs gata, men soneparkering bør vere eigna for å sikre tilgang til nokon lokale parkeringsplassar.

Mobilitetspakken:

Storhaug Arbeiderlag ynskjer tiltak for berekraftig mobilitet for Storhaugbuen velkomen. Utfordringa for Storhaug er at man er ein «halvøy» som er noko avskore frå kollektivløysingane og bilane må passere flaskehalsar som Strømsbrua/Bergelandstunellen.

Det er gode tiltak som styrka satsing på sykkelsti og kollektiv, men det er framleis etterslep. Det er mange områder der syklande må dele enten fortau med gåande eller uoversiktleg veg med køyrande og parkerte bilar.

Det kan satsast friskare på bysykkel, lokasjon av bildeletenester. Sikre framleis busshaldeplass for bussvegen ved politistasjonen, utvikle busstilbodet gjennom Storhaug vidare.

Det må komme bysykkelstativ ved blant anna Nylund, på Lervig Brygge og sentralt på Storhaug. Me oppmodar til kontakt med styra i burettslaga og sameiga i området om å få tilgang på areal til parkere.

Bildeling bør vere godt egna for bildeling, og det er «opne» parkeringshus knytt til f.eks Lervig Sykehjem ein kan potensielt finne ei løysing for parkering i.

Fiskepiren er eitt eigna depot.

12-bussen vil vere meir nyttig om den går 1 time tidlegare, og 4-bussen kan gå lenge inn på Storhaug og heilt inn i kvar rute. Vil ein at bebuarane i søre del av Storhaug tek bussen – må dei ha eitt tilstrekkeleg busstilbod.

Marknadsføring – bør vere betre på å informere om at det kan vere fleire på ein billett. Etter kl. 17 på kvardag og i helgane kan ein vere fleire barn og vaksne på ein enkelbillett.

Biblioteksplanen:

Støttes

Bussveg:

Storhaug Arbeiderlag er bekymra for trafikkavviklinga under byggeprosessen. Storhaug har ein stor befolkning som skal køyre ut frå hovudsakleg 4 retningar – via sentrum, Bergelandstunellen, Strømsbrua og Kirkegårdsveien. Korleis skal ein løyse trafikkutfordringane ved Strømsbrua under byggeprosjektet?

Storhaug Arbeiderlag ynskjer at det skal vere eitt ekstra busstopp, ved Politistasjonen. Dette fordi Kirkegårsveien er ein viktig gate for å komme inn til Storhaug på, og det vil auke tilgjengelegheita til bussvegen for brukarar frå Våland og Storhaug.

Ny disposisjonsplan for Brodd:

Brodds forslag støttes.

Sommaravslutting:

Me finn ein dato til sommaravslutting